Arego
kw:!support_us

Haustens fyrste stemne!

Haustens første symjestemne, Araberswim i Haugesund, gjekk av stabelen helga 15.-16 september! Stord stilte med 15 symjarar og imponerte med knallgod symjing! 
Jentene våre er i god driv: 
Berthine V Tønnessen persa med 12.98 sek på 400m fri og 3.97 sek på 50m fly, Ingrid Undheim og Eva F Tesdal persa flott på 50m rygg. Eva persa også med 10.33 sek (!) på 100m bryst! Annie Onarheim tok ein fin 4.plass på 100m bryst. Ellinor Isaac og Adine Saue fekk flotte tider på 100m bryst og 50m fri. Ida Helen Gudding persa på både 50m fri, 100m fri og 50m butterfly!
Gutane er også i god haustform: 
Lars Isdahl Føyen, Elias Nordfonn, Kevin Z Hillesdal, Oskar Råen og Tønnes V Tønnessen fekk blant anna fine plasseringar og persar på 50, 100 og 200m rygg. På 50m fri tok me mange medaljar og gode tider med oss heim: flott jobba av Didrik Gudding, Severin Langaker, Elias, Tønnes, Oskar og Kevin! Tobias E Samuelsen og Lars persa med 2.77 sek og 1.35 sek på 100m individuell medley. På 100m rygg hanka Tønnes, Didrik, Elias, Oskar og Kevin inn persar, flotte plasseringar og medaljar!

Om 2 veker er det AdO-open; ein ny mulighet til å nå Nordsjø-krav. 
Me gler oss til fortsettelsen denne hausten!

Oppstartsleir hausten 2019!

Endeleg var det tid for oppstartsleir! Helga 30.08 - 01.09 var det oppstartsleir på Bømlo og 25 symjarar frå mellom- og satsingsparti var med! Allereie kl 15:00 fredagen var treninga i gong, og Halvor Landmark med fleire drog symjarane gjennom fire harde 2-timarsøkter, ei økt fredag, to på laurdagen og ei økt før heimreis søndag. God mat, restitusjon og sosialt fellesskap høyrer også med når ein er på trening. No gler me oss til haustsemesteret 2019!

Oppstart haustsemesteret 2019

Velkommen til nytt semester i symjegruppa!

Satsingspartiet startar opp med vanleg trening frå tysdag 13. august.

Mellompartiet og Minsteparti startar opp i veke 34.

Oppstartsleir for Mellomparti og Satsingspartiet vert helga 31.08-01.09. Meir informasjon kjem om denne etterkvart.

HER kan du sjå terminlista for hausten!

 

Stordsymjarar i NM-langbane

Fem av våre eminente symjarar deltok i årets NM i langbane! Staden var Drammen, den 7.- 9. juli. Gjengen som representerte Stord var Anna Kjøpstad Rimmereide, Nora Visnes, Odin Hildebrandt-Paulin, Vebjørn Fjeldstad og Sondre Fjeldstad.

Trenarane våre, Jan Kåre Fjeldstad og Geir Inge Rimmereide, losa gjengen gjennom stemnet.

Alle symjarane gjorde ein solid innsats og fekk tider ned mot personleg bestenotering på langbane!

Me er stolte og gratulerer så mykje med innsatsen!!

Les også om det i Bladet Sunnhordland 

Gøy på AdO-cup!

Helga 14.-16. juni var 23 symjarar frå mellomparti og satsing på plass i AdO-arena i Bergen klare for 50-meters basseng og nye persar!

 

 

Årsklassemesterskap på Klepp

Desse tre Stordsymjarane, Tønnes Valvik Tønnessen, Nora Visnes og Odin Hildebrandt-Paulin, deltok i årets Årsklassemesterskap på Klepp, 8.-10. juni.

Stord på Techouse Open i Stavanger

Stord-symjarane imponerte på Techouse Open i Stavanger helga 24.-26. mai. 20 av våre symjarar frå satsingspartiet var med i den flotte symjehallen i Stavanger og drog til med solide persar og gode pallplasseringar.

Vellukka Stord Swim Cup 2019!

Vårens store symjeeventyr på Stord 11.-12. mai er avvikla og me kan melda om eit svært vellukka arrangement!

5 på Sandnessprinten

Helga 27.-28. april var 5 av symjarane frå mellompartiet på Sandnessprinten. Mange flotte persar og god innsats!

Bergen Swim Festival 2019

Helga 5.- 7. april var 17 utøvarar frå satsingspartiet på Bergen Swim Festival i AdO arena.

LÅMØ Vest 2019!

Frå venstre: Nora Visnes, Tobias Emanuelsson Samuelsen, Lovise Kjøpstad Rimmereide, Lars Isdahl Føyen, Tønnes Valvik Tønnessen,Didrik Gudding og Odin Hildebrandt Paulin

Denne kjekke gjengen frå Stord Symjing deltok i årets LÅMØ Vest på Karmøy 15.-17. mars!

VÅRSESONGEN 2019 ER I GONG!

Me er godt i gong med vårsesongen i symjegruppa! Denne våren ventar nye basseng og nye persar - og me gler oss!

Les om dei siste stemna me har vore på.

Kontakt
Kalender