Arego
kw:!support_us

Gøy på AdO-cup!

Helga 14.-16. juni var 23 symjarar frå mellomparti og satsing på plass i AdO-arena i Bergen klare for 50-meters basseng og nye persar! Nokre symde i langbane for fyrste gong og me er stolte over dei flotte prestasjonane. Me nemner Theodor og Edvald Raunholm, Kevin Hillesdal, Christoffer Barane, Severin Langaker, Hilmar Nordfonn og Adrian Aukan som symde inn til fine tider og solide persar på 100 og 200 m fri. Annie Onarheim (2.plass), Thea Nylund, Carina Solheim, Eva Tesdal, Adine Saue og Bertine Tønnessen med super innsats på 50 m bryst. Vebjørn Fjeldstad, Didrik Gudding, Lars Føyen, Elias Nordfonn og Oskar Råen glimta til og viste oss kva dei er gode for på 100 m rygg, 50 m fly og 200 m fri - me er imponerte! Jentene imponerte oss også: Ida Helene Gudding, Inger Christin Barane og Vilja Dale tok med seg gode tider på 50 m fri, 50 m fly, 100m bryst og 50 m rygg. 

Alt i alt ei knallgod helg for Stord Symjing! :)

Kontakt
Kalender