Arego
kw:!support_us

VÅRSESONGEN 2019 ER I GONG!

Me er godt i gong med vårsesongen i symjegruppa! Denne våren ventar nye basseng og nye persar - og me gler oss!

Så langt i år har me vore på:

Haugaland Kraft Open - 12. - 13. januar

Me stilte med ein stor tropp og mange fekk gode personlege rekordar. Fleire Stord-finalistar tok med seg medaljar heim, blant anna Odin Hildebrandt-Paulin, Anna Kjøpstad Rimmereide og Nora Visnes. Gratulerer!

Haugesunds Avis Open - 2.- 3. februar

Endå eit stemne kor Stord Symjing stilte med ein god gjeng. Me var heile 26 utøvarar på tur både frå mellompartiet og satsingspartiet! Mange fine persar og klatring på LÅMØ-rankinga. Dette lovar godt!

Neste stemne er LÅMØ Vest, 15. - 17. mars på Karmøy.

Veit du ikkje kva LÅMØ er? Les meir om det her

 

Kontakt