Årsklassemesterskap på Klepp
Desse tre Stordsymjarane, Tønnes Valvik Tønnessen, Nora Visnes og Odin Hildebrandt-Paulin, deltok i årets Årsklassemesterskap på Klepp, 8.-10. juni.
For å kvalifisera seg til eit slikt stemne må du vera blant dei 24 beste i i din årsklasse, i LÅMØ (Landsdel Årsklassemønstring). 240 symjarar i alderen 13-16 år frå 58 klubbar i landet hadde direktekvalifisert seg til stemnet. Øvingane er 100 m butterfly, 200 m rygg/bryst/medley og 400 m fri.
Årsklassemesterskap er ein viktig del av NSF si stasing på allsidighet i ung alder. Å vera kvalifisert er ei bragd i seg sjølv! Me gratulerer med innsatsen!