Arego
kw:!support_us

Grasrotandelen

Norsk Tipping har sidan starten gitt heile overskotet til samfunnsnyttige formål. Grasrotandelen gir deg som spelar mulighet til vera med på å bestemma kva noko av overskotet skal brukast til. Du kan no velgja kva for eit lag eller forening som får fem prosent av din innsats. Det vil seia at om du spelar Lotto for hundre kroner, går fem kroner til din grasrotmottakar. Og best av alt; din innsats, premie eller vinnersjanse vil ikkje bli redusert!

Så støtt Stord Symjeklubb ved å setja oss opp som grasrotmottakar neste gong du er hos din tippekommisjonær!

KORLEIS STØTTA STORD SYMJEKLUBB?
Dette kan du gjera på fem enkle måtar:

1) SMS
Send SMS med teksten "GRASROTANDELEN 896569112" til 2020. Tenesta er gratis.

2) APP
Dersom du har Norsk Tipping sin Mobilspill-app, kan du velgja "Grasrotandelen" i app'en. App'en kan lastast ned ved å senda SPILL til 1960.

3) STREKKODE
Gå til grasrotandelen sine nettsider via denne linken, søk på "Stord Svømming", og velg "Strekkode". Ta denne med til tippekommisjonæren.

4) ORGANISASJONSNUMMER
Gå til ein tippekommisjonær og be om hjelp til å leggja inn Stord Svømming som grasrotmottakar ved å oppgje organisasjonsummer: 896569112.

5) INTERNETT
Gå til grasrotandelen sine nettsider via denne linken søk på "Stord Svømming", og velg "Tilknytt nå" nede i venstre hjørne.

Kontakt