Arego
kw:!support_us

Velkommen til symjegruppa!

Hei og velkommen til Stord si symjegruppe!

Me er ein god gjeng med små og store symjarar, inndelt i rekruttparti, aspirantparti og satsing. Me trenar i bassenget i Kulturhuset. 

Symjeskulen vår held til i rehabiliteringsbassenget i Myro. Les om den her!

Alle symjarar hos oss startar på rekruttpartiet først for å bli trygg i vatn og beherska symjeteknikkar. For å få byrje på svømmetrening i vår gruppe bør barnet klare å symje ca 25 meter (ei lengde i bassenget ) av sikkerhetsårsaker. Rekruttpartiet trenar  tysdag og torsdag. Alle må melde seg på treningane via Spond. Symjarane på rekrutttepartiet kan vera med på våre eigne internstemner (jul og sommar) og uapproberte (utan dommar) stemner i regionen. Utstyr som trengs: svømmebriller og badedrakt/svømmebukse.

Dei som er på aspirantpartiet trenar tre gongar i veka. Desse symjarane får no lov å vera med på approberte stemner (les meir om det hersom vert arrangert fleire gongar i semesteret, ulike stadar i regionen vår. Me ynskjer at symjarane på aspirantparti har svømmeklede som viser at dei representerer Stord symjing. Ta kontakt med trenar for å høyre meir om dette. Kvart haustsemester startar med oppstartsleir!

Utstyr: svømmebriller, svømmeføter og badedrakt/svømmebukse.

Satsingspartiet  trenar mandag, tysdag, torsdag, fredag og søndag i 2 timar. . Satsingspartiet reiser på mange stemner i regionen og dei som kvalifiserer seg (her må ein klare visse krav på tider) får reise på Nordsjøstemne, UM, NM og liknande. Kvart haustsemester startar med oppstartsleir og i haustferien er det treningsleir som alle på satsingspartiet får tilbod om å vera med på. 

Stord symjing arrangerer kvar vår eit eige stemne; Stord Swim Cup. Me er avhengige av dugnadshjelp frå foreldre for at me skal få til dette. 

Me har og Dugnad på handballfestivalen: 

FØLG OSS PÅ FACEBOOK: Stord Symjing er ei open side for alle. For foreldre og symjarar: me brukar appen SPOND for informasjon, arrangement og påmelding til trening.

Les meir om kven som sit i STYRET, kven som er TRENARAR og våre TRENINGSTIDER.

Ta også ein kikk i HANDBOKA  - her finn du mykje god informasjon!

Kontakt