Hausten 2020 er i gong!
Hausten 2020 er i gong for symjegruppa! Med godt fokus på smittevern er alle gruppene no i gong igjen og me håpar på mykje symjeglede dette semesteret!
Første post på programmet er ein koronavennleg OPPSTARTSLEIR 28.-30. august i Bømlo symjehall.
Symjeskulen startar opp att i midten av september og vert halde i rehabiliteringsbassenget i Myro. Søk plass på www.tryggivann.no.
Me minner om dei viktige smittevernreglane:
- hald avstand
- vask hendene
- ikkje møt på trening dersom du er sjuk!