Arego
kw:!support_us

Velkommen til nettsida vår!

Hei og velkommen til Stord si symjegruppe!

Me er ein god gjeng med små og store symjarar, inndelt i rekruttparti, aspirantparti og satsing. Me trenar i bassenget i Kulturhuset. 

Symjeskulen vår Trygg i vann held til i rehabiliteringsbassenget. Les om den her! For barn frå ca 5 år. 

NB! For tida ser det ut som om påmelding til Trygg gjeld førre sesong- me ventar på oppdatering så det er berre å melda på sjølv om det står 2022-2023. 

Trygg i vann er veldig populært, og har er ventelister kvart år. Om du melder på barnet ditt no får du beskjed så snart det er ledig, det kan fort bli neste halvår eller lenger. 

Alle symjarar hos oss startar på rekruttpartiet først for å bli trygge i vatn og beherska symjeteknikkar. For å få byrje på svømmetrening i vår gruppe må barnet klare å symje 25 meter (ei lengde i bassenget ) av sikkerhetsårsaker. Rekruttpartiet trenar ein time i veka, enten tysdag eller torsdag. Alle symjarane må melde seg på kvar trening via Spond. Symjarane på rekruttpartiet kan vera med på våre eigne internstemner (jul og sommar) og uapproberte (utan dommar) stemner i regionen.

Utstyr som trengs: svømmebriller, badehette og badedrakt/svømmebukse.

Dei som er på aspirantpartiet trenar tre gongar i veka; to timar på mandagar, ein time på tysdag og to timar på fredag. Desse symjarane får no lov å vera med på approberte stemner (les meir om det hersom vert arrangert fleire gongar i semesteret, ulike stadar i regionen vår. Me ynskjer at symjarane på aspirantparti har svømmeklede som viser at dei representerer Stord symjing. Ta kontakt med trenar for å høyre meir om dette. Kvart haustsemester startar med oppstartsleir!

Utstyr: svømmebriller, badehette, svømmeføter, brett og badedrakt/svømmebukse.

Satsingspartiet består av to grupper, gruppe 1 og gruppe 2. Gruppe 1 trenar mandag, tysdag, torsdag, fredag og søndag i 2 timar. Gruppe 2 trenar mandag - søndag, to timar kvar dag. Satsingspartiet reiser på mange stemner i regionen og dei som kvalifiserer seg (her må ein klare visse krav på tider) får reise på Nordsjøstemne, UM, NM og liknande. Kvart haustsemester startar med oppstartsleir. 

Stord symjing arrangerer kvar vår eit eige stemne; Stord Swim Cup. Me er avhengige av dugnadshjelp frå foreldre for at me skal få til dette. Stord Swim cuo har ikkje vorte arrangert etter Korona, styret har eit mål om at det er oppe og går att i 2025. 

FØLG OSS PÅ FACEBOOK: Stord Symjing er ei open side for alle. For foreldre og symjarar: me bruker Spond som kommunikasjonsplattform og påmelding til trening.

Les meir om kven som sit i STYRET, kven som er TRENARAR og våre TRENINGSTIDER.

Ta også ein kikk i HANDBOKA  - her finn du mykje god informasjon!

Kontakt